Bookbites e-bokapp

BookBites er ein lese- og utlånsapp. Alle kan laste ned appen og opprette ein brukar, men for å låne bøker må du ha eit nasjonalt lånekort frå biblioteket.
Det er gratis å låne bøker i BookBites-appen. Du kan berre ha bøkene visst lenge før dei vert automatisk levert inn igjen. Du kan reservere og lagre bøker i di eiga huskeliste. Du kan også levere inn bøker før lånetida er ute. Alle e-bøker og e-lydbøker kan du laste ned slik at du kan lese/høyre dei utan tilgang til internett.

Korleis tar eg det i bruk?

  1. Du treng ei e-postadresse og eit lånekort. Har du ikkje lånekort, får du dette på biblioteket.
  2. Last ned appen Bookbites Bibliotek frå App Store, eller Google Play.
  3. Lag ein brukar med e-postadresse og passord, eller via Google- eller Facebookkontoen din.
  4. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket.
  5. Finn e-bøkereller digitale lydbøker, last ned, les eller høyr.

Treng du hjelp? – Her finn du videoguide for korleis du opprettar ny brukar, samt andre rettleiingar for bruken av BookBites.