Alt om lån

Utlån og levering Årdalstangen

Kvar fredag kan du hente bøker på tenestetorget i rådhuset på Årdalstangen.

Du kan då tinge bøker og anna på e-post bibliotek@ardal.kommune.no, eller på telefon 46 91 56 47. Du kan tinge heile veka, men skal det gå med transporten må vi ha det seinast klokka 15:30 onsdagar, for elles kjem det ikkje med før veka etter.

Du kan og levere bøker, filmar og anna attende i skranken på Tenestetorget. Bøker og anna du leverer der går i retur til biblioteket torsdagar.

Lån frå andre bibliotek

Bøker som ikkje finst i biblioteket si samling, kan som regel lånast frå eit anna bibliotek (fjernlån). Vi kan bestille bøker og andre medium frå andre folkebibliotek og universitets- og høgskulebibliotek. For slike lån gjeld eigarbiblioteket sine lånefristar, reglar og satsar for erstatning. Det tek normalt frå eit par dagar til eit par veker før det bestilte materiellet kjem, men det kan også ta lengre tid. Du kan også bestille bøker sjølv via nettsida til Norgeslån «Biblioteksøk». Du må ha Nasjonalt lånekort og pinkode for å kunne nytte dette tilbodet.

Logg inn på Biblioteksøk og vel hentebibliotek (Årdal bibliotek). Du får e-post eller SMS når du kan hente det du har bestilt.

Bestill klassesett

Vil du låne klassesett? Søk og bestill klassesett via Vestland fylkeskommune

Lånekort

Alle som byrjar i første klasse i Årdal kommune får lånekort.

Lånekortet kan nyttast på Årdal bibliotek, på barne- og ungdomsskulane og på Årdal vidaregåande skule. Kortet kan og nyttast i dei fleste andre bibliotek i Noreg, og seinare når ein skal vidare på høgskule og universitet.

Kortet ein får er eit nasjonalt lånekort. Nasjonalt lånekort kan du lese meir om her.

Så lenge ein er elev ved barne- og ungdomsskulane får ein ikkje nytt kort dersom ein mistar det.

Vaksne lånarar får sitt første nasjonale lånekort utan kostnad.

Ved tap av nasjonalt lånekort må vaksne betale eit gebyr på kr. 70,- for nytt kort.

Lånetid

Bøker4 veker
Ny DVD1 veke
Eldre DVD4 veker
Lydbøker4 veker
Tidskrift4 veker
Nintendospel2 veker

Prisliste

Påminning 1Gratis
Påminning 2Gratis
ErstatningskravGebyr 185 kr pluss kostpris
Plastpose5 kr
Stoffnett50 kr
Kopiar5 kr
Utskrifter5 kr
Lånekort*70 kr
Erstatning merking**50kr

* Gebyr for å erstatte nasjonalt lånekort for vaksne lånarar.
**Erstatning for merking av fritidsutstyr

Purringar

1. påminning – gratis

2. påminning – gratis

Erstatningskrav – gebyr 185 kr pluss kostpris for materialet.

Ved utsending av erstatningskrav vert lånt materiale rekna som tapt.

Rekninga skal betalast sjølv om tapt materiale vert levert.

Lånekonto vert sperra om rekninga ikkje vert betalt.

Kontoen vert opna att ved betaling.

Ta kontakt snarast råd om noko ikkje stemmer når du får påminningsbrev, elles går det vidare til erstatningskrav.

Du kan kontakte biblioteket på bibliotek@ardal.kommune.no, eller på tlf.: 46 91 56 47