Kurs i kart og kompass

Er du klar for tur i haust- og vinterfjellet? Bli med på kurs i kart & kompass og gjer deg klar for trygge vegval i fjellet. Årdal bibliotek i samarbeid med ÅJFF har fått med seg instruktør Tor-Erik Dahl frå Årdal turlag for å gjennomføra kurs i kart & kompass over to kveldar i oktober.
Meld deg på via epost til bibliotek@ardal.kommune.no innan torsdag 22. oktober.
Deltaking kr 100,- (inkluderer begge dagar)

Meir info her
et fjell. Kart og kompass. Bild av Tor-Erik

Kva skjer?

No event found!

Fritidsutstyr

Årdal bibliotek har fritidsutstyr til utlån. Vi har ski, stavar, skisko, skøyter, truger, pulkar (ein barnepulk, ein lastepulk), sekkar, bæremeis, kart og kompass, soveposar, telt, hengekøye, kokeapparat, frisbeegolf og sitte- og liggeunderlag.

DIGIhjelp

Slit du med noko på mobil, brett, eller PC? Gratis DIGIhjelp – Stikk innom eldresenteret på Tangen. Kl 9.00-10.30. Vi tilbyr grunnleggjande hjelp. Første onsdagen i kvar månad. Følgjande datoar: onsdag 4. november onsdag 2. desember Passar ikkje tida for deg? Stikk innom i biblioteket si opningstid

Dagsturhytta

Dagsturhytta i Årdal er plassert på Moakamben, over Ytre Moa. Hytta ligg på ca. 245 moh. Ein kan starte turen frå Moa eller frå Lykkja i Utladalen. Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar – ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Hytta har eit bibliotek med mange ulike bøker.

Lokalhistorie

I lokalhistoriesamlinga til biblioteket kan du finne bøker, fotografi, filmar, artiklar, årbøker og lokalhistoriske oppgåver med mykje informasjon om Årdal og bygdene rundt. Stadig meir blir tilgjengeleg via Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek. Det er mogleg å søkje på t.d. aviser, bøker, bilete, handskrifter, radio og film.