
Skammens mødre – alenemødrenes tøffe kamp i etterkrigstidens Norge
Forfattaren bak bokserien «Skammens mødre» kjem til Årdal
Bokserien «Skammen mødre» er ført i pennen av Anita Østerbø, og handlar om åleinemødrene sin tøffe kamp i etterkrigstida i Norge. Heile fire bøker er publisert i serien, som er basert på sanne hendingar.
Anita Østerbø vaks opp i Bergen og jobba som lærer fram til ho debuterte som romanforfattar i 2020. Bøkene er basert på sanne historiar om forfatteren si eiga mor (som var frå Sogn), hennar fire venninner og borna deira. Bøkene tek føre seg viktige tema som skam og det å ikkje kunna snakka om ting, sosial ulikskap og kvinnekamp. Me kjem på innsida av barneheimane, følgjer adoptivborna og ser på konsekvensane av sviket gjennom fleire generasjonar, men kjenner også på styrken og gleda kvinnene imellom.
Bøkene har blitt ein overraskande stor suksess med over 60 000 selde eksemplar så langt.
Anita Østerbø møter du i Årdal kulturhus 30. oktober kl 19:00, der ho vil fortelja om bøkene, kvinnene og arbeidet med å fortelja historiane deira.