perlet påskeegg

Påsketurløypa på Moakamben – Kven finn egga? Du eller reven?

Dato

Tid

Stad

Kven finn egga? Du eller reven?

Alle revar er lure og kan finna på rampestrekar, og kanskje spesielt når det er påskeferie. I år har reven bestemt seg for å vinna eggejakta, med mindre du klarar det først?
Biblioteksjefen sitt påskeegg heng i ein tynn tråd viss ikkje du finn egga, samlar saman bokstavane og leverer løysingsordet før reven klarar det. Reven har nemleg inngått eit veddemål med biblioteksjefen om at egget skal bli hans!
Påskeharen har gøymt egg med bokstavar på stien frå parkeringa på Moa og opp mot Dagsturhytta på Moakamben. Kan de hjelpa biblioteksjefen med å finna egga, og slik redda påska for alle som likar påskeegg? Skund deg!

Har du funne alle egga og løyst kodeordet? Ta med kodeordet til biblioteket tysdag 15. april og få ein liten premie som takk.
Du kan og sende kodeordet til bibliotek@ardal.kommune.no eller til tlf: 469 15 647 innan 22. april.
Då er du med i trekninga av bokpremiar.

God tur!

NB! IKKJE PLUKK NED EGGA!