Påskequiz
Påskequiz 2026! I år er det ein ny vri. Quizmester Tone er denne gongen ute etter namn på personar knytt til Årdal.
Les oppgåvene nøye – her er det mange hint.
Om du ynskjer quizen på papir kan du hente i biblioteket.
Lever på e-post bibliotek@ardal.kommune.no, eller direkte i biblioteket innan kl. 14.00 tysdag 31. mars, så er du med i trekninga om eitt flott påskeegg.
I påskeveka har me ope tysdag 31. mars frå klokka 11.00 – 15.30.
I påska vil det vere turløype for familiar på Ytre-Moa. Meir informasjon kjem.
Minner om at det digitale biblioteket er ope heile påska, dag og natt.
I BookBites finn du bøker og lydbøker for heile familien.

