bild av en familie som gå tur i en skog når det er mørkt

Lommelykttur i vinterferien!

Dato

Tid

Stad

I vinterferien (veke 8) inviterer Årdal bibliotek til ein spanande og litt mystisk lommelykttur på Ytre Moa! Ta med deg ein vaksen og legg i veg!

På Ytre Moa vil det bli hengt opp refleksar. Ved seks av refleksane finn du ein liten bokstav – desse må du hugse på undervegs. Når du har funne alle, kan du setje bokstavane saman til eit magisk ord. Nokre av refleksane byr òg på overraskande og morosame fakta om mørket.

Ta med deg det magiske ordet til biblioteket i løpet av vinterferien, og få ein premie som takk for innsatsen!

Løypa er enklast å gjennomføre i mørket med lommelykt, då postane kan vere vanskelege å sjå utan å få auge på refleksane.

Lukke til – og god tur i mørket!