Livsnyterhagen med Anders Røyneberg
Hage- og planteprofil Anders Røyneberg, også kjend som @arcticgardener på Instagram, kjem til oss med hageføredrag. Med seg på scena har han medforfattar og kjærest, Erik Schjerven.
I boka «Livsnyterhagen» – som dette hageshowet baserer seg på – blir vi med inn i Anders Røyneberg og Erik Schjerven sin frodige hage på Hadeland. Presentasjonen er spekka med bilete, film og gode idear som er enkle å gjennomføra uansett om du har liten balkong eller stor hage. Alle kan lukkast med å grøna opp uterommet sitt, er Anders si enkle tilnærming i sine føredrag.
Gjennom føredraget får du:
* Gode balkong- og hagetips
* Inspirerande idear til krukker og bedd
* Favorittvekster; stauder, somarblomar, busker, etelege planter
* Praktiske råd for å lukkast med uterommet
* Trekking av grøn premie
* Moglegheit til å stilla Anders og Erik spørsmål i etterkant og få konkrete råd
* Kjøpa bok, signert om ønskjeleg – via Vipps
Kom og få inspirasjon til uterom som ikkje krev all verda av innsats, der du verkeleg kan senka skuldrene og nyta livet.
Velkomen til hageshow!
Om føredragshaldarane:
Anders Røyneberg aka @arcticgardener er fødd på Jæren, men han hadde oppveksten på bondelandet i Østfold og er no busett på Hadeland. Han er agronom, psykiatrisk sjukepleiar og sexolog. Til dagleg arbeider Anders som terapeut, skribent og føredragshaldar.
Anders Røyneberg aka @arcticgardener er fødd på Jæren, men han hadde oppveksten på bondelandet i Østfold og er no busett på Hadeland. Han er agronom, psykiatrisk sjukepleiar og sexolog. Til dagleg arbeider Anders som terapeut, skribent og føredragshaldar.
Erik Schjerven er frå Oppland og utdanna marknadsførar. Han er, som Anders, planteelskar og jobbar som forretningsutviklar i den lokale næringshagen. Saman har dei også skrive bøkene «Hjemmedyrka», «Krukkedilla», «Plantelykke» og «Plantebonanza», som alle er bestselgarar i Norge og omsett til fleire språk.
Inngang: 100 kr i døra. Born og unge går gratis.
