Kurs i flugebitting
Biblioteka i Sogn inviterer til kurs i flugebitting i samarbeid med Villakssenteret i Lærdal og kurshaldar Vidar Lillevik.
Kurset er for ungdom/vaksne, og du treng ingen forkunnskapar for å delta.
Varigheit: 4 timar
Om Vidar Lillevik: Vidar er opprinnelig fra Stord, men no busett i Lærdal der han driv firmaet VL Flyfishing med sal av utstyr til flugefiske, guiding, kurs og føredrag innanfor feltet. Han har over 40 års erfaring med flugefiske og har drive med flugebitting sidan han var ein liten gut.
På kurset vil du læra litt om ulike flugetyper og materialval, og du vil få prøva deg på å laga fleire enkle, gode fiskefluger. I tillegg vil du få ei innføring i utstyr du treng til flugebitting.
Er du klar for ein ny hobby? Bli med!
Med støtte frå Vestland fylkeskommune.
