
Haustferieløypa på Moakamben og Ytre Moa
Løys gåtene på tur og redd bøkene!
Ei bokstavheks har ved eit uhell lagt att ein bokstavtrylleformel på biblioteket som gjer om språket i alle bøkene til latin, og viss biblioteksjefen finn ut av dette før det blir fiksa, så kjem ho til å stenga bokstavheksa ute av biblioteket på livstid!
Klarar me å løysa gåtene før haustferien er over, så blir bøkene vanlege bøker igjen. Og viss me ikkje klarar det…ja, då må alle læra seg latin og bokstavheksa får aldri besøka biblioteket igjen. Det er heilt krise!
Ta med deg løysingsordet til biblioteket (men NB! Ikkje røp deg til biblioteksjefen Gry!), så får du ein liten premie som takk.
Kom og hent i biblioteket si opningtid. Me har ope kvar dag i haustferien bortsett frå søndagane.
Heksa har hengt opp ein runde med gåter langs stien på Ytre Moa i Øvre Årdal med start på parkeringsplassen under Moa og på stien frå parkeringa under Moa og opp til Dagsturhytta.
Du kan velja om du vil gå berre den eine eller begge løypene.
Og til info: viss du svarar feil på gåtene, så ventar nokre utfordringar …
God tur!
Løypa ligg ute frå og med 4. oktober