Føredrag : Hjorten som utmarksressurs med Jon Anders Stavang

Dato

Tid

Stad

Årdal Kulturhus
På vakre Svanøy i havgapet utanfor Florø ligg Stiftinga Norsk Hjortesenter.
Hjortesenteret er eit nasjonalt kompetansesenter for forvalting, næringsutvikling, oppdrett, innovasjon og bruk av hjortevilt. Senteret utviklar og deltek i FoU-prosjekt, og tilbyr fagkurs, rådgjevingstenester og kunnskapsformidling innan berekraftig bruk og forvalting av hjort og dåhjort.
Hjorten er Vestlandet sin viktigaste viltressurs. Dagleg leiar ved Norsk Hjortesenter, Jon Anders Stavang, vil denne kvelden fortelje om hjorten som mat-, jakt- og opplevingsressurs, og korleis hjorten bør forvaltast ved jakt for at han skal få best mogleg kondisjon og kvalitet. Her vil det vere nyttige tips for både mat- og naturinteresserte, og nye og erfarne jegerar.
Folkeakademiet står for turneen, og Årdal bibliotek står for arrangementet lokalt i Årdal.
Velkomen til alle med interesse for hjort!
Billett kr 100,- for vaksne og gratis for skuleelevar/born.