cover til boken Jeg er ingen diagnose

Bokbad med Laura Avila : «Jeg er ingen diagnose»

Dato

Tid

Stad

Heilmat
Onsdag 30. september 2026, kl 19:00 får de oppleva forfattar og føredragshaldar Laura Avila snakka om boka «Jeg er ingen diagnose» inne i Heilmat sine lokale. Heilmat serverer pizza (kr 249,-) eller tapasfjøl (kr 289,-) etter påmelding.
Meld deg på til epost bibliotek@ardal.kommune.no innan 28. september. Det er avgrensa plassar og først til mølla her!
NB! Maten blir servert frå kl 18:00, slik at me er klare til bokprat kl 19:00. Om du berre vil delta på sjølve bokpraten, så må du uansett melda deg på mtp kapasiteten i lokalet.
Om Laura Avila:
Forfattar, prisvinnande funkisaktivist, føredragshaldar, podkastar, og ei av dei viktigaste kvinnelege stemmene i autismesaka.
Laura Avila trer stadig meir tydeleg fram som ei av dei mest engasjerte stemmene innan mangfald, inkludering og forståing for autisme. Med si sterke formidlingsevne og personlege openheit om eigne erfaringar som autist, har ho dei seinare åra etablert seg som ein sentral samfunnsaktør og talsperson i det norske ordskiftet om nevromangfald.
Arrangør: Årdal bibliotek i samarbeid med Heilmat AS.