bild av Anette Bakkane Bendixen - Livet med ADHD

Livet med ADHD – Anette Bakkane Bendixen

Dato

Tid

Stad

Heilmat
FULLT – meld deg opp på ventelisten
Me set opp eit nytt føredrag i lokalet til HEILMAT, og denne gangen er det Anette Bakkane som kjem på vitjing for å snakka om livet med ADHD. Bakkane er lege, forskar og forfattar, og oppvaksen i Årdal. Ho er lege med doktorgrad (ph.d.) innan alderspsykiatri, og har særleg interesse for korleis menneske fungerer gjennom ulike fasar av livet.
Dei siste åra har ho arbeidd med bokserien «Livet med ADHD», som tek føre seg ADHD frå barndom til alderdom. Bøkene kombinerer forsking, klinisk kunnskap og erfaringar frå levd liv, formidla gjennom tekst og illustrasjonar. Arbeidet har fått internasjonal fagleg merksemd.
Anette er oppteken av å gjera forsking og fagkunnskap tilgjengeleg og relevant, gjerne med ei blanding av alvor, humor og skråblikk på etablerte førestillingar.
HEILMAT opnar dørane for Årdal bibliotek og Anette Bakkane onsdag 18. november kl 18, og tilbyr matservering og ein fin arena for publikum. Meld deg på så snart som mogleg (førre gang var det fort fullt!), og seinast 15. november. Avgrensa tal plassar!!
Når du melder deg på, kan du velja mellom Tapasfjøl (kr 289,-) og dei tre pizzatypane Slegge, Quattro Formaggi og Serrano & Parmesan (kr 249,-).
Du må også melda deg på om du vil høyra føredraget utan å eta.
Maten er klar frå kl 18, og føredraget startar kl 19.
Vel møtt!