Frø- og plantebytedag
Det er på tide å så! Har du sådd litt meir enn du treng, eller har du frø til overs? Ta turen til biblioteket og bli med på frø- og plantebytedagen vår!
Korleis fungerar det?
Du kjem med frøposar, eller planter og leverer dei inn for ein kvalitetssjekk. Du får ein bytelapp pr. frøpose/plante som du kan «kjøpe» andre frøposar/planter med.
Kva kan du ta med?
Frøposar (kaffifilter) med frø som du har sanka sjølv, eller kjøpt på butikken. Planter som skal plantast ute, eller i drivhus, ikkje stoveplanter.
Er det noko anna viktig å tenke på?
I hovudsak ei plante pr. potte/plugg, småplanter skal vere friske og sjå levedyktige ut. Stiklingar skal vere rota, ikkje berre sett i jorda same dag.
Hugs å merke frøpose/planta med namn på planta.
Biblioteket startar frøbibliotek! Har du frø å dele? Alle bidrag tel – små som store
