Kurs i kart og kompass – Del 1
Sommarfjellet opnar i løpet av juni, og mange drøymer om årets fjellturar. Bli med på kurs i kart & kompass og gjer deg klar for å utforska fjellheimen vår!
Årdal bibliotek har fått med seg Tor-Erik Dahl frå Årdal turlag for å gjennomføra kurs i kart & kompass over to kveldar i juni.
Onsdag 3. juni blir det teorigjennomgang i Årdal kulturhus frå kl 18:00.
Onsdag 17. juni kl 18 inviterer vi så til ei praktisk økt utandørs, med Moahuken på Ytre Moa som base.
Tor Erik vil då førebu nokre postar i området, slik at alle som vil får prøvd ut dei nye kunnskapane i praksis.
Det er mange gode grunnar til å læra seg kart og kompass før ein legg ut på tur, og no har du sjansen!
Meld deg på via epost til bibliotek@ardal.kommune.no innan måndag 1. juni.
