bild av en unge som går tur i en skog med påskeegg

Påskeløypa – Ytre Moa – Moakamben

Dato

Tid

Stad

– Kven finn egga? Du eller reven?

Denne påska har reven bestemt seg for å vinna eggjakta,
med mindre du klarar det først!
Biblioteksjefen sitt påskeegg heng i ein tynn tråd viss ikkje
du finn egga og kodeordet først, og får levert kodeordet før
reven klarar det. Reven har nemleg inngått eit veddemål med
biblioteksjefen om at egget skal bli hans!
Påskeharen har gøymt egg på stien frå parkeringa på Moa og
opp mot Dagsturhytta på Moakamben og på Ytre Moa. Følgjer
du egga finn du fram til kodeordet. Du kan velja om du vil leita
etter egg på Ytre Moa eller opp mot Moakamben.
Men skund deg….
Lever kodeordet til biblioteket på tysdag 31. mars og få ei
overrasking som takk.
Du kan og senda kodeordet til bibliotek@ardal.kommune.no
innan andre påskedag, og bli med i trekking av bokpremie.