Årdal bibliotek har eigne opningstider for barnehagar som ynskjer å komme på biblioteket: Onsdagar kl. 10:00 til 14:00
Vil du booke tid for barnehagen kontakt biblioteket på tlf.: 46 91 56 47, eller e-post: bibliotek@ardal.kommune.no.
For tida tilbyr me desse barnehageopplegga:
Småkryp
Tid: 45 minutt.
Stad: inne på biblioteket.
Denne økta tek utgangspunkt i «Under ein stein» av Erna Osland. Her les vi om 2-3 småkryp, og etterpå brukar vi den nye kunnskapen til å lage flotte insekt av konglar, pinnar og lim.
Trafikkstopp
Tid: 10 min.
Stad: ute på tur i Årdal.
Ute på tur kan ein plutseleg treffe på trafikkpolitiet når barnehagen har trafikk som tema. «Politiet» spør ut borna om nokre enkle trafikkreglar, og som premie for gode svar får borna låne med seg ein bokpakke med bøker om trafikk.
Barnehagedagen
Tid: 45 min.
Kvart år vil vi tilby eit opplegg til ein av barnehagane i kommunen knytt til tema for dagen.
Dovendyr
Tid: 45 min.
Stad: inne på biblioteket.
Økta tek utgangspunkt i «Dovendyret og sommerfuglen» av Anne Sverdrup-Thygesen. Dovendyret er nok verdas rolegaste villdyr, men visste du at det og bur eit anna lite dyr i pelsen? Vi les eit utdrag av boka, og lagar dovendyr i lag etterpå.
Juleverkstad
Tid: 45 min.
Stad: inne på biblioteket.
Opplegget vil kunne variere frå år til år, og vil vere basert på nye barnebøker med juletema. I tillegg er det ein tilhøyrande aktivitet, til dømes laging av nissar.
Tema-arbeid i barnehagen
Vi tilbyr spesialopplegg til barnehagar som jobbar med tema, som til dømes sirkus, venskap, eller miljø. Ta kontakt med biblioteket på bibliotek@ardal.kommune.no.
Få besøk i barnehagen
Vi kjem gjerne på besøk – ta kontakt med biblioteket på bibliotek@ardal.kommune.no.