Det flytande litteraturhuset, også kjend som bokbåten Epos, vil ligga til kai på Årdalstangen 20.-22. oktober, og torsdag 21. oktober kl 19:00 inviterer me til bokprat med Ruth Lillegraven ombord på båten.

Ruth Lillegraven er ein av dei mest allsidige forfattarane i landet, kjend for mange som lyrikar, men no også med eit internasjonalt gjennombrot som krimforfattar. Lillegraven har fått fleire prisar for forfattarskapen sin.

Lillegraven har produsert lyrikk for born, lyrikk for vaksne, drama, romaner og to krimromanar som har blitt særs godt motteke både i inn- og utland.

Torsdag 21. oktober kl 19:00 kan du altså koma ombord i bokbåten, og høyra ein samtale mellom Ruth Lillegraven og Torunn Todal Laberg.

Lett servering ombord.

Dette blir dermed den siste turen med Epos for biblioteka på Vestlandet