Stad: Samhold – Selskapslokale
Dato: Fredag 07. oktober
Tid: Kl 18:00

Synest du det er utfordrande å strikke med restegarn? Fyller det seg berre opp i skuffer og skåp med garn du har til overs? Slik var det for Ingvild Grane også, heilt til ho bestemte seg for å berre strikke med restegarn eit heilt år. No deler ho sine beste restegarntips med deg! I foredraget hennar får du ein halvtime proppfull av inspirasjon og idear til alt det fine du kan strikke av restegarn, og du får konkrete tips til gode restegarnprosjekt – samt eit par dyrkjøpte råd om kva du kan droppe å bruke restegarn til.

Ingvild Grane frå Naustdal har i fleire år delt fargerik strikkeglede på Instakontoen @Skaperrom. Ho lagar eigne strikkeoppskrifter, og brenn for å dele gode tips til korleis ein gjennom små grep som fargeval og bruk av restegarn kan skape helt unike strikkeplagg. No i haust er ho aktuell med boka 100 handlaga gåver, som er full av idear til kreative, personlege og miljøvenelege gåver du og familien kan lage sjølv. Ho har tidlegare gitt ut strikkeboka Strikk med Ingvild frå @Skaperrom, som er full av enkle og fargerike strikkeoppskrifter til både baby, barn og dame.

Gjett om vi gler oss!

Mogleg å kjøpe drikke og snacks.