Årdal bibliotek kl 18.00, den 16. januar 2024
I mange år har Christine Fure Schwarz inspirert det norske folk til å sy gjennom Instagram kontoen sin @silkeogdynamitt. I 2021 gav ho ut boka Redesign, og i 2022 gav ho ut den andre boka si, Sy & sy om. No kjem ho til Årdal for å halde foredrag, der målet er å inspirere enda fleire til å finne gleda med å sy eigne klede av gjenbrukstekstilar, og sy om plagg som ikkje blir brukt lenger. Arrangementet er gratis!