Redd dei nye bøkene!
Juleferien 2022
Rampenissen har ved eit uhell (eller var det eigentleg eit uhell?) lagt att ein baklengstrylleformel på biblioteket, og viss biblioteksjefen ikkje klarar å løysa gåtene før nyttårsafta er over, så kjem det ingen nye bøker inn i biblioteket i 2023. Det er heilt krise!

Kan du hjelpa? Viss du klarar å løysa alle gåtene i tide, så reddar du dei nye bøkene. Ta med deg løysingsordet til biblioteket, så får du ein liten premie som takk. Biblioteket er ope i romjula.

Rampenissen har hengt opp gåtene langs stien på Ytre Moa i Øvre Årdal med start på parkeringsplassen under Moa.

Og til info: viss du svarar feil på gåtene, så ventar nokre utfordringar …