I haustferien skjer det mykje på biblioteket. Vi har ekstra ope, det vert lesestund begge laurdagane, det vert turløyper både på Tangen og i Øvre, du kan spele Nintendo Switch, og vi deler ut fine refleksar til born i førskule/småskulealder.

Skal du nytte naturen i haustferien, så hugs at biblioteket har utstyrslager der ein mellom anna finn telt, kokeapparat, sekkar, sitteunderlag, hengekøyer, soveposar og liggeunderlag. Du finn og mange fine turbøker hjå oss.

Hugs BookBites – der kan du høyre og lese e-bøker uansett kor du er.

Velkomen til oss!

 

Laurdag (9.) 11.00 – 15.30
Måndag 11.00 – 15.30
Tirsdag 11.00 – 15.30
Onsdag 11.00 – 15.30
Torsdag 11.00 – 18.45
Fredag 11.00 – 15.30
Laurdag (16.) 11.00 – 15.00