Utlån og innlevering på Årdalstangen

Kvar tysdag har vi transport av bøker til Årdalstangen.

Du kan då tinge bøker og anna på e-post bibliotek@ardal.kommune.no, eller på telefon 46 91 56 47. Du kan tinge heile veka, men skal det gå med transporten må vi ha det seinast klokka 10:00 tysdagar, for elles kjem det ikkje med før veka etter.

Bøkene kan du hente på Tenestetorget i Rådhuset.

Du kan og levere bøker, filmar og anna attende i skranken på Tenestetorget. Bøker og anna du leverer der går i retur til biblioteket tysdagar.