Bøker som ikkje finst i biblioteket si samling, kan som regel lånast frå eit anna bibliotek (fjernlån). Vi kan bestille bøker og andre medium frå andre folkebibliotek og universitets- og høgskulebibliotek. For slike lån gjeld eigarbiblioteket sine lånefristar, reglar og satsar for erstatning. Det tek normalt frå eit par dagar til eit par veker før det bestilte materiellet kjem, men det kan også ta lengre tid. Du kan også bestille bøker sjølv via nettsida til Norgeslån «Biblioteksøk». Du må ha Nasjonalt lånekort og pinkode for å kunne nytte dette tilbodet.
Logg inn på Biblioteksøk og vel hentebibliotek. (Årdal bibliotek). Du får e-post eller SMS når du kan hente det du har bestilt.