Vil du læra å teikna manga?
Tidspunkt: 23. februar, kl. 11:00-15:00
Stad: Årdal bibliotek
Antall plassar: 15
Tilrådd aldersgruppe: 12-18 år, men me kan gjera unntak for spesielt interesserte born
Vil du læra å teikna manga? Bli med på mangakurs!
Meld deg på til epost bibliotek@ardal.kommune.no innan 17. februar 2023
Dette kurset eignar seg perfekt for dei som vil starta ferda inn i eit eige mangaunivers. Kurset opnar med ein gjennomgang av mangaen si historie, før deltakarane lærer å utvikla og teikna eigne karakterar, verda karakterane lever i og starta å planlegga ei handling.
Det er ingen krav til deltakarane sine førkunnskapar, og både erfarne teiknarar og nybegynnarar er hjarteleg velkomne. Alle deltakarane kjem til å få oppfølgjing som passar til deira nivå.
Velkomen!