Bli med Årdal bibliotek på litterær vandring i Jotunheimen

Laurdag 20. august – søndag 21. august

Bli med oss på ein av dei flottaste turane i Jotunheimen – frå Sognefjellet, via Skogadalsbøen til Vetti Gard. Du kan setje bilen ved Hjelle og bli med bussen til Sognefjellet laurdag morgon. Forfattar Siri Helle går saman med oss frå Sognefjellet til Skogadalsbøen, der det blir litterær samtale om fleire av bøkene hennar. Torunn Todal Laberg frå Bulder & Brak Opplevingar stiller som vertskap for Årdal bibliotek på denne turen. Søndag går turen vidare ned Utladalen til Vetti Gard.

Start: Hjelle i Øvre Årdal laurdag 20. august kl 09, buss til Sognefjellet Mål dag 1: Skogadalsbøen

Program for dagen: Det blir lagt opp til fleire stopp og historieforteljing undervegs.

Program på Skogadalsbøen: Bokprat/litterær samtale med Siri Helle kring bøkene «Meistringsglede og uro» (2022) og «Med berre nevane» (2020). Middag i fellesskap.

Mål dag 2: Vetti/Hjelle Program for dagen: Frukost i fellesskap. Det blir lagt opp til fleire stopp og historieforteljing undervegs. Obligatorisk stopp ved Vettisfossen. Turen blir avslutta på Vetti Gard – og folk vandrar som dei vil tilbake til Hjelle for heimreise.

Pris: info kjem

Pris: bussbillett og opplegg med Siri Helle i regi av Årdal bibliotek: kr 550,-

Påmeldingsfrist 21. juli 2022

20 plassar.