16. november kjem Rune Timberlid til Kaffistova, for å snakka om boka «Jakta på Siskin».
Det blir lagt opp til ein triveleg kveld på Kaffistova med servering av Chili con Carne til kr 139,- per pers. Påmeldig på epost til post@kaffistova-aardal.no innan 14. november. De kan også melda dykk på ved å skriva dykk på ei liste på biblioteket innan 14. november.
Om boka:
«Jakta på Siskin – Gestapo og Milorg i krigsdrama i Sogn»
Vinteren 1945 var dramatisk for Milorg-styrken Siskin i Sogn. Ein angivar i Høyanger sette tyskarane på sporet, og Gestapo-sjefen Helmut Klötzer gjennomførte store rassiaer. Sentrale motstandsfolk vart arresterte og torturerte. Med Gestapo i hælane måtte fenrik Ragnar Ulstein og hans folk i Siskin byta hovudkvarter fleire gonger. Styrken gjekk i dekning i fjella i Indre Sogn. Med livet som innsats hjelpte mange sogningar Siskin. Det kunne kosta dyrt om Gestapo og Siskin hadde hamna i open kamp. I denne boka får du heile historia om Siskin – frå fire Linge-offiserar vart sende til Sogn i oktober 1944 til styrken overtok kontrollen i mange bygder i mai 1945.
Rune Timberlid (f. 1950) er frå Sogndal. Han har jobba som journalist, redaktør og med kommunikasjon. Timberlid har tidlegare skrive ni kriminalromanar og fleire sakprosabøker