EVENTYR-YOGA
Fredag 1. juli kl. 10.00 – 11.30
for 3. , 4. og 5. klasse (dei som gjekk ut i vår)
plass til 10 deltakarar
Vi har fått med oss yogainstruktør Katrin Moe frå Yomasofi.
Program for dagen:
10.00 – 10.30 Yoga på land med lesestund
10.30 – 11.00 Pause med litt mat og drikke
11.00 – 11.30 Yoga i bassenget
Borna må ha med badetøy og håndklede
Påmelding til bibliotek@ardal.kommune.no.
Følgjande opplysningar må vere med:
Bornet sitt namn, alder og telefonnummer
Føresette sitt namn og telefonnummer
Eventuelle allergiar/andre omsyn
Er det greit om bornet kjem med på bilete frå arrangementet?
SOMMARSKULE
Vi inviterer born frå 3. 4. og 5. klasse
(dei som går ut i vår) inn i biblioteket.
Eventyr er tema for Sommarskulen i år.
Det vil bli lesing, diskusjon, spel og aktivitetar. Aktivitetane vil henge saman med tematikk.
Vi vil gjere ulike ting kvar gong, og vi har Årdal bibliotek som base.
Litt mat og drikke vert det og.
Ein kan melde seg på fleire onsdagar, men dersom det vert mange som melder seg på må vi prioritere at flest mogleg får vere med.
Vi har plass til 6 born kvar onsdag.
Tid: Onsdagar i veke 26, 27, 30 og 31
frå klokka 12.00 – 14.00
Stad: Årdal bibliotek
Påmelding til bibliotek@ardal.kommune.no.
Følgjande opplysningar må vere med:
Bornet sitt namn, alder og telefonnummer
Føresette sitt namn og telefonnummer
Eventuelle allergiar/andre omsyn
Er det greit om bornet kjem med på bilete frå arrangementet?