Om å leve med uhelbredeleg kreft.

Tysdag 24. januar kl 19.00
på biblioteket.

Gratis inngang.

Eli Strand frå Leikanger var tidligare programleiar i God Morgen Norge, men fekk livmorhalskreft i 2017. Ho har sidan levd med kreften og har vore gjennom fleire runder med cellegift. Strand er ikkje framand for å snakke om kreften, og starta podkasten Helsikes kreft. No er ho aktuell med boka «Eg er her enno: livet med uhelbredelig kreft» der ho skildrar korleis det er å leve med dårlege prognosar, og om håpet som har kome og forsvunne. Sommaren 2021 vart Strand den første i Noreg til å prøva ein ny og lovande immunterapi. Så kom hausten, då fekk ho beskjed om at behandlinga ikkje fungerte likevel.
«Eg er her enno» er ei bok om å vere drit lei, om å finne styrke og ikkje minst om glede.
Gratis inngang. Sal av bøker.