Verdensbiblioteket

Det fleirspråklege bibliotek

Det flerspråklige bibliotek (DFB) er eit kompetansesenter for fleirkulturelle bibliotektenester, rådgjevar for biblioteka i Noreg og ein del av Nasjonalbiblioteket. Det flerspråklige bibliotek har eit stort uval av bøker, på 70 språk! Vi på biblioteket kan bestille bestemte titlar til deg eller bokpakkar på språk du er interessert i. Om du har eit Nasjonalt lånekort kan du sjølv bestille bøker gjennom søket til DFB og få det sendt til eit av biblioteka våre!

Verdensbiblioteket

Verdensbiblioteket er eit samarbeid mellom Nasjonalbiblioteka i Noreg og Sverige.
Det er ei digital teneste der du kan finne lydbøker og e-bøker på andre språk enn norsk. For å logge seg inn må du opprette ein brukar med e-postadresse. Deretter kan du logge seg inn gratis.

Gå til verdensbiblioteket her.

Verdsbiblioteket