Aviser og tidsskrift

PressReader

PressReader tilbyr aviser og tidskrifter frå heile verda. I tillegg inneheld tenesta ei rekkje norske aviser, til dømes Aftenposten, Dagbladet, Dagsavisen, Stavanger Aftenblad, Fædrelandsvennen og Bergens Tidende. For å få tilgang til PressReader på mobil og nettbrett, må du laste ned appen PressReader og kople seg på nettverket på biblioteket. Du har då full tilgang til PressReader i sju dagar. Etter sju dagar må du innom biblioteket att og gå inn på appen for å få oppdatert tilgangen. På pc går ein inn på pressreader.com medan du er på biblioteket sitt nettverk.

Slik brukar du PressReader:

Nettbiblioteket

På nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket kan du lese både gamle og nye, digitaliserte aviser. Det er også tilgang til søk i tidsskrift frå før år 2000. Aviser som kom ut før 1925 og aviser som er gått inn, og har overlete materialet til Nasjonalbiblioteket, er tilgjengeleg for alle. Du kan laste dei ned og bruke dei i andre tenester. Frå Sogn og Fjordane gjeld det til dømes Firda Folkeblad og Folkebladet for Sogn og Fjordane.

Biblioteka i Norge har utvida tilgang til nye, digitaliserte aviser. På biblioteket kan du 14 dagar etter utgjeving lese aviser som Dagbladet, Dagens Næringsliv, Nationen og Firda. Du kan bruke både biblioteket sine pc’ar eller eigen pc. NB! Enkelte aviser kan du ikkje lese på biblioteket. Desse er merka med “kan kun åpnes i Nasjonalbiblioteket”.

Slik får du tilgang:
Spør bibliotekaren om å generere eit brukarnamn og passord for deg. (Gjeld 1 dag)
Gå inn på nb.no og logg inn med utdelt brukarnamn og passord.
Vel feltet: “Med lokal bruker”.

Vitskapeleg tilsette i UH-sektoren, og besøkande hos Nasjonalbiblioteket eller andre bibliotek, kan få tilgang til pliktavleverte aviser i Nettbiblioteket under bestemte vilkår.

Nettbiblioteket gjev også tilgang til søk i over 50 000 tidsskrift som er digitaliserte, sjølv om ikkje alle årgangar er digitaliserte enno. Tidsskrift t.o.m. år 2000 kan du lese frå norske ip-adresser.

Translate »