Bøker og lydbøker

BookBites e-bokapp

BookBites er ein lese- og utlånsapp. Alle kan laste ned appen og opprette ein brukar, men for å låne bøker må du ha eit nasjonalt lånekort frå biblioteket. Det er gratis å låne bøker i BookBites-appen. Du kan berre ha bøkene visst lenge før dei vert automatisk levert inn igjen. Du kan reservere og lagre bøker i di eiga huskeliste. Du kan også levere inn bøker før lånetida er ute. Alle e-bøker og e-lydbøker kan du laste ned slik at du kan lese/høyre dei utan tilgang til internett.

 

Korleis tar eg det i bruk?

  1. Du treng ei e-postadresse og eit lånekort. Har du ikkje lånekort, får du dette på biblioteket.
  2. Last ned appen Bookbites Bibliotek frå App Store, eller Google Play.
  3. Lag ein brukar med e-postadresse og passord, eller via Google- eller Facebookkontoen din.
  4. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket.
  5. Finn e-bøkereller digitale lydbøker, last ned, les eller høyr.

Treng du hjelp? – Her finn du videoguide for korleis du opprettar ny brukar, samt andre rettleiingar for bruken av BookBites.

 

Nettbiblioteket

Nettbiblioteket er Nasjonalbiblioteket sin digitale katalog over alt som er gjeve ut i Norge. Det er gratis tilgjengeleg for alle med norsk IP-adresse. Bøker som er opphavsrettsleg beskytta må lesast på nettet, eldre bøker kan lastast ned. Dette er ei unik mogelegheit til å lese bøker og finne informasjon på din eigen pc. Om du vil lese dikt, skodespel, romanar, noveller eller faglitteratur så kan du finne det her. Nettbiblioteket er også veldig fin å bruke for å søkje informasjon. Ein kan blant anna søkje etter fraser og namn i bøker. Nettbiblioteket kan også vere eit alternativ til å fjernlåne bøker frå andre bibliotek.
Translate »