28 AUG 10:55 – 29 AUG 19:00
Ny påmeldingsfrist: søndag 11. juli kl 12:00
Meld deg på til bibliotek@ardal.kommune.no eller send melding til 46915647
Bli med oss på ein av dei flottaste turane i Jotunheimen – frå Sognefjellet, via Skogadalsbøen til Vetti Gard. Du kan setje bilen ved Hjelle og bli med bussen til Sognefjellet laurdag morgon. Forfattar Sigri Sandberg går saman med oss frå Sognefjellet til Skogadalsbøen, der det blir litterær samtale om fleire av bøkene hennar. Torunn Todal Laberg frå Bulder & Brak Opplevingar stiller som vertskap for Årdal bibliotek på denne turen. Søndag går turen vidare ned Utladalen til Vetti Gard.
Program:
Start: Sognefjellet
Mål dag 1: Skogadalsbøen
Program for dagen: Det blir lagt opp til fleire stopp og historieforteljing undervegs.
Program på Skogadalsbøen: Bokprat/litterær samtale kring «Frykt og jubel i Jotunheimen» og «Mørke».
Middag i fellesskap.
Mål dag 2: Vetti/Hjelle
Program for dagen: Yoga før frukost med vertskapen ved Skogadalsbøen.
Det blir lagt opp til fleire stopp og historieforteljing undervegs. Obligatorisk stopp ved fossen. Turen blir avslutta på Vetti Gard – og folk vandrar som dei vil tilbake til Hjelle for heimreise.
Pris overnatting med frukost, dusj, middag og niste/termos: kr 990,- (dnt-medl) / kr 1260,- (ikkje medl). Må betalast på førehand til Skogadalsbøen Turisthytte (de får tilsendt link til nettbetaling etter påmelding)
Pris bussbillett og opplegg med Sigri Sandberg i regi av Årdal bibliotek: 550,-
Påmeldingsfrist: søndag 4. juli kl 12:00
NB! Max 30 plassar!
Tiltaket er støtta av Vestland fylkeskommune.
Translate »