Bild av Maja Lune og boki hennes "Skjerm Barna"

«Skjerm barna» med Maja Lunde

Dato

Tid

Stad

Årdal Kultursalen

Korleis teknologien tok over barndommen og kva vi kan gjere for å ta den attende.

Eit føredrag for deg som tykkjer at ungane er for mykje på skjerm.
Maja Lunde er ein av Noregs største internasjonale forfattarar.
Ho er mellom anna kjent for bøkene “Bienes historie” og “Snøsøsteren”.
Lunde er utdanna medievitar frå Universitetet i Oslo.

Eit barn som brukar mobilen ein time om dagen vil med
gjennomsnittleg levealder på 82 år bruke om lag 30.000 timar på mobil.
Det er tre og eit halvt år, eller 15 årsverk.
Mange barn og unge brukar mobilen minst 4 timar kvar dag.
Det er 60 årsverk.

Mobilen, algoritmane, eig barna si tid. Bruken rammar alt det viktige dei treng for å ha det bra;
leike, sove, bevege seg, lese, dagdrøyme og vere saman med andre.
Samstundes stig tala på psykisk uhelse blant barn og ungdom, og skuleresultata rasar.
Vi har gjeve barna fri tilgang til appar og dingsar som vi vaksne knapt klarar å handtere.
Sosiale media krev mental modenskap barn og unge rett og slett ikkje har utvikla, fordi
hjerna deira framleis er under ombygging.
Vi har berre gjort det, fordi vi trur det digitale har kome for å bli. Dei einaste som tener på det er
tek-gigantane. Men: det som ikkje gjer liva våre og samfunnet betre, kan vi fjerne eller endre.
Dette føredraget syner deg korleis

Dato: 29. oktober
Tid: Kl. 17.00
Stad: Årdal Kulturhus – Kultursalen
Gratis inngang