
Spiselig hage med Dennis Asbjørnsen
Til dagleg når Dennis ut til 115 000 menneske på sosiale media. Oppdraget hans er å få heile Noreg med på å dyrke sin egen mat! I dag arbeider Dennis som foredragshaldar og kursinstruktør – både for bibliotek, skular, bedrifter, gartneri, hageselskap, kommune og stat.
Dennis fortel om seg sjølv og sin dyrkehistorie: kva har han gjort i sin kjøkkenhage? På kva måte skapar han ein kjøkkenhage? Metodar og tips for å dyrke enkelt, billig og berekraftig. Korleis utnytte vokseplassen effektivt, om samplanting og fransk samplanting med blomster i kjøkkenhagen, om handtering av skadedyr og mykje meir.
INNGANG KR 100,-
SKULEELEVAR GRATIS