
Føredrag med Thomas Lien regissør og Pappa i NRK serien Flaskepost frå havet.
Føredrag om den globale klimautfordringa og om korleis han og hans familie begynte eventyret og produksjonen av dei 3 sesongane av Flaskepost frå havet.
Born og vaksne sat klistra til skjermen då «Flaskepost frå havet» vart sendt på NRK. Historia om familien Lien sine reiser skapar engasjement og gode samtalar om den globale klimasituasjonen og kva vi kan gjere sjølve. Reiseskildringane syner ein annleis kvardag, samhald og utfordringar. Serien er tilgjengeleg på NRK si strøymeteneste.
Årdal bibliotek inviterer heile familien til dette arrangementet, som vil bli innleia ved at Stine Ohrvik frå Årdal kommune vil presentera appen ARTSDATABANKEN som alle som vil kan ta i bruk. Bli med på det viktige arbeidet med å registrera og syna mangfaldet av artar som finst i naturen i Årdal. Fin aktivitet på tur! I pausen vert det vafler og saft. Velkommen!
Føredraget er støtta av Folkeakademiet.
Kom og høyr om Thomas Lien sitt arbeid.