Fjordkveld i Årdal
Ein kveld for inspirasjon, engasjement og fellesskap ved fjorden i samarbeid med Årdal bibliotek 
Etter fjorårssuksessen inviterer Sogn Friluftsråd igjen til ein serie fjordkveldar i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet, Naturvernforbundet Indre Sogn og Framtidshavet. I år rettar me blikket mot fjorden som friluftsarena – ein stad for naturopplevingar, fellesskap og framtidstru. Gjennom engasjerande foredrag, sterke historier og lokale perspektiv ønskjer me å løfta fram fjorden som ein viktig del av både kvardagsliv og framtidsvisjonar.
Det blir moglegheit for kjøp av drikke og noko å eta frå Heilmat, og det blir eit mingleområde med stand frå samarbeidspartnarar og lokale aktørar.
Arrangementet er gratis og ope for alle.
Les meir og sjå program her: https://www.sognfriluftsrad.no/…/fjordkveld-turne-veke-24
