Bild av Tone Ollestad frå Kvinnemanualen

Den magiske kvinnekroppen – Eit føredrag med sexolog Tone Ollestad frå Kvinnemanualen

Dato

Tid

Stad

Årdal Kultursalen

Sexolog og parterapeut Tone Ollestad brenn for kvinnekroppen, og veit korleis ho kan gjera hormon- og syklusprat både lærerikt og inspirerande. Ho er skaparen bak den populære kanalen Kvinnemanualen, som deler videoar om kvinnekroppen og korleis kvinner kan forstå syklusen sin – og dermed seg sjølv – betre. 

Gjennom føredraget “Den magiske kvinnekroppen” vil du læra korleis du kan jobba MED kroppen din i staden for mot han. Du vil få augeopnande innsikt i korleis kvinner sine tankar, energi og kjensler svingar, i tillegg til ein drøss med kule fakta om kvinnekroppen! Er du mann, gjer deg klar til å forstå kvinnene i ditt liv betre. Det vil bli eit par a-ha-opplevingar! Er du kvinne, gjer deg klar til å bli stolt over kroppen din og alt han kan gjera!

 

Inngang kr 100,-

Skuleelevar gratis