Ben Ward – Fjellgarden Kroken – Draumen om eit enklare og meir komplisert liv
Hugsar du Ben Ward frå NRK-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu? Engelskmannen flytta frå storbyen London for å skape eit nytt liv på ein veglaus fjellgard i Luster i Sogn.
Ben trudde han skulle setje garden Kroken i stand – men oppdaga at han òg trong reparasjon.
Kroken er eit prov på at alt er mogleg når ein nektar å gje opp.
Velkomen til eit inspirerande og humoristisk føredrag om å skape noko sjølv.
Føredraget er på engelsk.
Billettar: 100,- kr i døra
Skuleelevar gratis
Boksal og signering etter føredraget
PS – Ben ønskjer gjerne spørsmål etter føredraget.
