Kva tid:
3. august 2022@12:00-14:00
2022-08-03T12:00:00+02:00
2022-08-03T14:00:00+02:00

Vi inviterer born frå 3. 4. og 5. klasse
(dei som går ut i vår) inn i biblioteket.
Eventyr er tema for Sommarskulen i år.

Det vil bli lesing, diskusjon, spel og aktivitetar. Aktivitetane vil henge saman med tematikk.
Vi vil gjere ulike ting kvar gong, og vi har Årdal bibliotek som base.
Litt mat og drikke vert det og.

Ein kan melde seg på fleire onsdagar, men dersom det vert mange som melder seg på må vi prioritere at flest mogleg får vere med.
Vi har plass til 6 born kvar onsdag.

Tid: Onsdagar i veke 26, 27, 30 og 31
frå klokka 12.00 – 14.00

Stad: Årdal bibliotek

Påmelding til bibliotek@ardal.kommune.no.
Følgjande opplysningar må vere med:

Bornet sitt namn, alder og telefonnummer
Føresette sitt namn og telefonnummer
Eventuelle allergiar/andre omsyn
Er det greit om bornet kjem med på bilete frå arrangementet?