Kva tid:
24. september 2022@18:00-20:00
2022-09-24T18:00:00+02:00
2022-09-24T20:00:00+02:00

Litterær kveld i Årdal kino 24. september kl 18:00

18:00 – Karl Seglem les dikt
Vår eigen Karl Seglem lanserer i haust si femte diktsamling Djup redsleDjup ro.  Han vil innleia kvelden i kinosalen med å lesa frå diktsamlinga. Seglem er internasjonalt kjend som innovativ komponist og musikar. Poesien har ein sentral plass i musikken hans, slik musikken også har ein sentral plass i poesien.
18:30 – Sigri Sandberg, Erling Eggum og Torunn Todal Laberg samtalar om å ro Sognefjorden
I vår lanserte Sigri Sandberg boka Ro. Om Sognefjorden og ein lang rotur heim. Boka er eit resultat av at Sandberg rodde heile fjorden frå Eivindvik og inn til Luster i mora sin Oselvar sommaren 2021. Ho rodde saman med venninner, mannen sin og mora si – på ulike strekk – og fortel engasjert om korleis fjorden vart til, om fjorden som riksveg og om vind og straumar og livet både over og under vatn. Torunn Todal Laberg var ei av dei heldige som fekk vera med på roturen – frå Ortnevik til Vik.
Om lag på same tid sette hotelldirektør Erling Eggum seg i sin splitter nye Sognefæring i nærleiken av Eivindvik, med plan om å ro og segla heile fjorden inn til Årdalstangen. Galskap, var det enkelte som hevda, men båten kom seg til Årdal til slutt.
Enkel servering.