Kva tid:
3. mars 2024@14:00-16:00
2024-03-03T14:00:00+01:00
2024-03-03T16:00:00+01:00
Tid: 3. mars 2024, kl 14:00-16:00
Stad: Bassenget i Årdal Idrettshall
For vaksne
Årdal bibliotek inviterer til bad, bok & yoga i samarbeid med Katrin frå Yomasofi. Bli med på ei yogaøkt i bassenget med lyd frå Katrin sine syngebollar. Me kan lova både lydbølgjer og andre bølgjer! Etter økta i bassenget får de sjansen til å bli betre kjend med nokre av bøkene med tema helse og livsstil som de kan låna på biblioteket.
Påmelding på epost til bibliotek@ardal.kommune.no innan 29. februar 2024.