Kva tid:
11. mars 2024@19:00-20:30
2024-03-11T19:00:00+01:00
2024-03-11T20:30:00+01:00

Anders og Barbro Nordrum – Foredrag

Beredskapshagen, slik får du mat ut av plenen.

Stad: Samhold Finsalen

Tid: kl 19:00

Foredrageholdar er Anders Nordrum, grunnleggar av føretaket Datsja. Han er gartnar, pedagog og lærar og har mange år bak seg som lærar i gartnarfag ved Gjennestad vidaregåande (tidlegare gartnarskule). Dei siste 12 åra har han jobba i Kriminalomsorga med gartnarfag som verktøy.

Datsja AS såg dagens lys i 2015, og sidan da har han og kona, Barbro, hatt kunnskapsformidling både gjennom blogg, kurs og foredrag. I 2021 kom boka Beredskapshagen, slik får du mat ut av plenen, i samarbeid med dottera, Maria, som har skrevet boka.

Målet er å styrke eigenberedskapen eller befolkningsberedskapen, der også hagen kan spele ei viktig rolle. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. For om alle gjer litt, er storsamfunnet betre rusta til å ta seg av de som treng det mest.

Foredraget vil gje ei enkel innføring i eigen og andre si erfaring og kunnskap når det gjeld dyrking og lagring av ulike grønsak-slag, og der også gamal kunnskap har ein plass. Det vil også handle ein god del om jord og jordeliv, og korleis få ei god og fruktbar jord med hjelp av lokale og minimale ressursar, uavhengig av hagesenter. Det heile spesielt med tanke på økt matberedskap i ei krisetid.