Snart byrjar Sommarles!

Startar du i 1. - 7. klasse til hausten?
Bli med på Sommarles!
Sommarles varar frå 1. juni til 31. august.
Alle born frå 1. – 7. klasse kan vere med.
Etter kvart som ein les når ein ulike level.
Ein får premie på level 10, 20, 30 og 40.
Sommarles er viktig –
Det vekkjer leselysta og styrkjar lesedugleiken.
Bornet kan lese sjølv, verte lest for, og høyre lydbok.
Les meir om Sommarles på sommerles.no
Bornet treng ikkje lånekort for å registrere seg.

Meir info her
Sommarles banner med illustrasjoner av karakterene fra sommarles eventyret

Kva skjer?

No event found!

Fritidsutstyr

Årdal bibliotek har fritidsutstyr til utlån. Vi har ski, stavar, skisko, skøyter, truger, pulkar (ein barnepulk, ein lastepulk), sekkar, bæremeis, soveposar, telt, kokeapparat og sitte- og liggeunderlag.

DIGIhjelp

Slit du med noko på mobil, brett, eller PC? Gratis DIGIhjelp – Stikk innom eldresenteret på Tangen. Kl 9.00-10.30. Vi tilbyr grunnleggjande hjelp. Første onsdagen i kvar månad. (gjelder ikkje om sommaren) Følgjande datoar: Passar ikkje tida for deg? Stikk innom i biblioteket si opningstid

Dagsturhytta

Dagsturhytta i Årdal er plassert på Moakamben, over Ytre Moa. Hytta ligg på ca. 245 moh. Ein kan starte turen frå Moa eller frå Lykkja i Utladalen. Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar – ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Hytta har eit bibliotek med mange ulike bøker.

Lokalhistorie

I lokalhistoriesamlinga til biblioteket kan du finne bøker, fotografi, filmar, artiklar, årbøker og lokalhistoriske oppgåver med mykje informasjon om Årdal og bygdene rundt. Stadig meir blir tilgjengeleg via Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek. Det er mogleg å søkje på t.d. aviser, bøker, bilete, handskrifter, radio og film.