REDD BOKSTAVANE!
Løys gåtene på tur og redd bøkene på biblioteket!
Løypene ligg ute frå fredag 8. etter middag til søndag 17.
Ei bokstavheks har ved eit uhell lagt att ein bokstavtrylleformel på biblioteket, og viss biblioteksjefen ikkje klarar å løysa gåtene før haustferien er over, så kjem bokstavane til å renna ut av alle bøkene. Det er heilt krise!
Kan du hjelpa? Viss du klarar å løysa alle gåtene i tide, så reddar du bøkene. Ta med deg løysingsordet til biblioteket, så får du ein liten premie som takk. Biblioteket held ope kvar dag i haustferien!
Heksa har hengt opp gåtene langs stien på Ytre Moa i Øvre Årdal med start på parkeringsplassen under Moa og langs stien mot Lindviki på Årdalstangen. (Siste post til Lindviki er ved en varde på stien)
Til info: viss du svarar feil på gåtene, så ventar nokre utfordringar …
kart av stiene